- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
54

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54 And
kavat for so saart . .. so vilde han likevæl tru,
at Livet var urettferdigt.

Han hadde sendt eit Brev heim til Far sin
og bedet han faa full Greida um Knut og Alv-
hild og so fortelja alt utan Dulsmaal. Naar
han fekk Svar paa det, so vilde han skriva eit
langt Brev til Alvhild. Det var paa Haust-
kanten, daa han fekk Svar. Men der stod:

»No vilde eg helder tigja enn tala, dersom
det stod til meg. Eg hadde aldri trutt dette
um Alvhild. Men ein skal aldri lita paa nokon
Ting i denne Verdi, og minst paa Gjente-Augo.
Det er usætande og usant alt, so nær som
Dauden, sagde dei gamle. Eg er so leid og
sorgfull, eg kann lite skriva.

Var det ikkje det eg tenkte, daa du foor,
at det er ein speleg Ting aa sleppa Gjenta so
langt ifraa seg. Dei er so veike, og Gutarne
ligg allstødt etter dei. Knut Aasen er ein snaal
Kar, og sløg til; han visste aa snu og venda
seg, til Fisken beit.

Det vert sagt for visst, at Knut og Alv-
hild skal hava Brudlaup 1 Haust; Sundag kjem
skal det verta lyst for dei fyrste Gongen. Kor-
leis Alvhild likar dette veit eg ikkje for visst.
Eg hev ikkje paa lange Tider høvt henne
aaleine; ho liksom skydde meg, og so leet eg

5)
henne vera. Eg var no van med slikt, eg for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free