- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
58

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58 Av laak ÆH,

rad ho for seg sjølv. Kanhenda hev han fun-
net seg ei gildare i Amerika! — Ein Kveld
var ho paa Vegen til Hegglid, vilde tala med
Aasbjørn. Men ho umraadde seg att og snudde
paa Vegen. | Bygd, Forelda, Kark 00 Det
lyt vera som det er no, sagde ho med seg
sjølv, og fraus.

Foreldri saag, at ho var ikkje som ho skulde;
Knut saag det og. Dei undrast, Knut fælte:
skulde ho likevæl trega paa Bjørn Haugstad?
Dei gamle visste ikkje likare Raad enn aa skunda
paa med Brudlaupet. Var ho fyrst gift, so jam-
nad det seg nok. Knut meinte det same. Og
daa dei talad til Alvhild um det, var det ikkje
fritt ho tenkte nokot likt. »Gjer som de vilk,
sagde ho. Dei dagsette Brudlaupet, og no vart
det lyst for dei, og eit» Festarøl: stod paa Dale
med stor Høgtid. No fær eg prøva aa vera
glad, tenkte Alvhild.

Men ut paa Kvelden var det eit sterkt,
hardt Mæle ut i Tunet som song:

Den Gjentehugen han er so slengjen,

dei kann ’kje hugleggja nokon Drengjen;
nei dei hev Ingen i Hjartat kjær,

men ein Slarvehug’e til nokon kver.

Aa some er no so Skades snilde,
mot kvar og ein skal dei vera milde;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free