- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
67

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak ÆR. 67

var det same. Han fekk heim baade Doktar
og Prest; men like nære var det. »Du skal
ikkje taka det so tungt,« sagde Alvhild, »det
er ikkje av det vonde.« Og um nokre Aar
vandest han liksom med det. Daa sluttad det
av seg sjølv. »No hev Leiv fenget Fredc, sagde
Alvhild. Men ei Stund etter døydde ho.
Gamle Aasbjørn var og daaen. Strakst
etter Brudlaupet hadde han selt Garden sin og
gjevet burt alt til dei fatige, so nær som eit
litet Føderaad til seg sjølv. »Det kann væl lite
hjelpa Leiv, der han no er<, tenkte Aasbjørn;
men Syndi — Syndi maa ut or Ættic. Han
livde ikkje lengje etter dette. Bygdefolket fylgde
han til Jordi i stor Mengd. »Han var ein betre
Mann enn Folk visste<, sagde Presten i Lik-
talen, og alle totte, at dette var rett sagt.

Det vart gjort ei syrgjeleg Visa um desse
Tilburderne. Slutten av denne Visa var slik:

Gud hjelpe den Møy, som sviker!
ho fær rett aldri Fred.

Ho fær ikkje Fred i sitt sjuke Mod,
fyrr ho leggst i Gravi ned.

— Det græt ut i Havet.

Gud hjelpe Alvhild fraa Dale,
ho var so vent eit Viv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free