- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
72

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72 Stordaad.

Til vanlegt var ho aa sjaa paa Gata kvar Dag,
denne vesle Halvtussa med Saue-andlitet og den
flate svarte Halmhatten utyver Augo og Øyro
som Straataket yver ein Høystakk; kvar Dag,
Vinter som Sumar, stod ho i Tuni og sveivde
og sveivde paa Lira si for aa tena Maten til
seg og sine tvo Lam, som nok ingen Far
hadde til aa forsyrgja seg, gudbære oss -— dei
hadde 1 det heile ingen Far paa skikkelig Maate
—; og Johannemor, Gjentungen, var daa med
og song. For Johannemor var eit Vidunder til
aa syngja. Ho hadde eit Bryst so lett so lett,
og Maal var der i henne som ho skulde vera
ein Gutunge. Ingen kunde gaa so høgt i Abli-
gaturen som ho, og so hadde ho eit Lag med
aa syngja gjenom Nasen, so naar ho rett sette
i, kunde det gaa til Merg og Bein paa den
hardaste. Tusse-Katrine sagde tidt, at ho aldri
kunde Gud fulltakka for Johannemor; ho fekk
altid Skillingar, naar ho hadde henne med seg,
ikkje minst av fine Folk; og naar Lira leet og
Johannemor song, var det so pent aa høyra paa,
at Tusse-Katrine for sin Part ikkje visste nokot,
som var so pent i denne Verdi.

I det heile gjekk det nokso godt for Tusse-
Katrine, og ingen kunde segja annat enn at ho
stelte væl baade for seg sjølv og for Ungarne.
Drakk gjorde ho ikkje, utan naar det so høvde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free