- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
78

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78 Stordaad.

Panna var myrk med tri ørfine Rukkur, men um
Munnen laag eit Smil, skjelvande millom Spe
og Medynk. Det var fælt aa høyra paa denne
Kattemusikken, totte Studenten. Det skar i
kvar Nerve, det gjekk til Merg og Bein; lesa
var der ikkje: Tale um, og han vilde for lengje
sidan ha voret nede med eit Par Skilling og so
vist dei ut — >versgo! gaa saal< med eit flott,
fornemt Vink med Haandi —, dersom det ikkje
hadde voret den Ulukka, at i Dag aatte han
korkje meir elder mindre enn ein Tolvskilling,
og den maatte han hava til Middagsmat.
Dessutan hadde han i Grunnen litt vondt
av dei Fille-Ungarne, slik som dei stod der nede
i Vind og Rök og song for sit Liv; han fekk
taka det med Ro og lata dei syngja Visa si ut;
der var væl altid dei, som hadde Sans for slik
Musikk, og som hadde betre Raad enn han.
Studenten sette seg ned att og prøvde aa
lesa. Han hadde ei uroleg Kjenning av, at
dersom han stod lenger og saag der ned, so
kunde Samvitet vakna ... »>Naar Subjektet i
den infinitiviske Sætning er det samme som ved
det styrende Verbum . . . han fekk ikkje Mei-
ning i dette . . . »Subjektet i den infinitiviske
Sætning< . . . du — du, dudelidu! . . . »følger
i Regelen blot enkelt Infinitiv henført til Hoved-
subjektet . .. .. Hovedsubjektet . . . Hovedsub-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free