- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
91

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hemn. 9I

Tarald vilde kvessa 1, men Paal sagde: »Ja-
ja, Bergljot, kjem me fyrst so langt, so kann
me altid snakka um Resten sidan:. »Det var

eit sannt Ord!« skreik Tarald og slog i Bordet;
Skaal! — Festeskaali for Paal Braate og Berg-
ljot Taraldsdotter Haukastad!« Dei drakk; Berg-
ljot snøggad seg ut.

Denne Kvelden var det, at ho raakad Aas-
ulv, so som sagt er; for han visste um den nye
Friaren og laag paa Lur utanfor Husi. Og som
dei stod der i Sorg og Sut og kviskrad saman
i den maaneklaare Kvelden, gjorde dei det so
av, at Bergljot skulde fylgja han Paal til Altaret;
men der skulde ho svara høgt »Neic paa det
som vart spurt; for daa visste dei, at Presten
ikkje kunde vigja dei, og so vilde det væl altid
laga seg sidan.

Um Vaaren stod Brudlaupet; det var baade
stort og gildt, med tvo Spelemenn og alt, som
til høyrde. Mange Folk var der og. Sjølve
Presten var beden og sat med Bordet og aat
og drakk, i Lag med dei beste Bønderne i
Sokni.

Men daa dei hadde fenget det dei vilde av
Mat og Drykk, fekk Tarald Presten med seg ut
i eit Kammers. »Det gjeld ein Stut i Dag,
Farc, sagde Tarald. »Ein Stutl« sagde Presten
og saag paa han. »Jac, sagde Tarald; »eg er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free