- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
95

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hemn. 95

Mil yver eit Vatn, naar ein skulde til Støle.
Veret var halvrusket; men Presten reiste.

Daa han var ferdig paa Støle, var det alt
i Kveldingi, og det saag ymist ut med Veret.
Presten laut skunda seg. Han sprang i Baaten
og ruggad seg godt inn i Pelsen sin; »no maa
du ro, Gut!« sagde han; og Guten skaut fraa
Land. Daa Presten hadde sett seg, gaadde han,
at dette var ikkje same Guten, som hadde rott
han inn; for denne rodde mykje betre. Hellest
kunne han ikkje skilja Andlitet hans no i Myrk-
ret. Han seig av 1 andre Tankar. Denne Hall-
vard Støle, det hadde voret ein underleg Mann.
Hard som Bein og vrang som ei Vidja, men
stundom klokare enn nokon skulde tru. Hm!
han hadde lurt Presten for Offeret, betalat Ti-
enden med Lettkorn, stolet Ved i andre Folks
Skog, og gjort mange slike Fantestykke; men
no var han bøygd. No var der ikkje stort att
av Hardleiken. Han var mjuk som eit Barn.
»Trur du eg kjem i Helvite?>« hadde han sagt,
»hell trur du det kann vera Raad at eg slepp:
Han Lars Vollen, koss trur du det gjekk med
honom? Meiner du øamn kom i Himmerike?«
»Me fær vona det«. — »Ja daa kann væl eg
au sleppa inn; for eg trur ikkje eg hev voret
verre enn han«. »Daa maa du angra, Hallvard.
Gjer du det?« »Angra, koss er det?« » Trega,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free