- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
101

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde, IOI

og det fanst ingen, som hadde set Futen smila.
Han var faamælt men hardmælt, og det, han
sagde, stod.

Niels Pedersøn var Enkjemann. Dei som
mintest Kona hans sagde, at ho hadde voret
utor Maaten fager, men myrk og med ugodslege .
Augo. Ho var sjeldan aa sjaa, og mest aldri
med Kyrkja. Dei som tente hjaa Futen meinte,
at ho dreiv paa med ymse Ting, som ikkje
maatte vitast, og daa ho var daat, kom det ut
eit Ord um, at den Vonde hadde vist seg i
Sjukestova same Notti som ho foor, og daa for-
stod alt Folk, at den myrke, strenge Fru Mar-
greta laut hava selt seg til den Vonde.

Med henne hadde Futen ei Dotter, som
heitte Gunhild, og som 1 alle Maatar liktest
Mor si, berre ho var ljosare og gladare. Men
det kom væl av Ungdomen, sagde Folk.

Daa Gunhild var tie Aar, hende det ein
Dag, at ho saag ei Katt Ula, som sat paa Hus-
mønet. Ho gjekk inn og fortalde Mor si dette.
Mori svarad ikkje, men vart kvit som eit Lik.
Morgonen etter var det, at ho lagdest i Bane-
sott, og fyrr Vika var ute, hadde ho sloknat.

Sidan vaks Gunhild upp paa fri Fot. Faren
brydde seg ikkje um henne og var dessutan lite
heime. Ho foor og flaug i Skog og Mark og
fekk Ord for aa vera ein vill Unge; dei einaste,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free