- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
104

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104 Seld til den Vonde,

hadde seg; men dei gamle Tenararne sagde, at
ho vart meir og meir lik Mor si.

I denne Tid tok Baard til aa tenkja paa
Signeatt. Ho var meit-av hans eigne, totte han,
og det fylgde liksom meir godt med henne.
Gunhild var for vill, og av framandt Folk; dei
Rødurne, som gjekk um Mor hennar, var det
helder ikkje hyggjelegt aa minnast, og det var
ikkje fritt dei fylgde med henne, totte Baard.
Han gav seg i Kjenskap med Signe, og slik
gjekk det eit Aars Tid. Daa tok Folk til aa
tala um Baard Neset og Signe Lid. Og Folke-
drøset naadde alt uppi Futegarden.

Daa Gunhild høyrde dette, vart. ho so harm
at ho greet. Ho kjende eit Hat til Signe, som
var utan Vit; det var so Blodet kokad 1 henne.
Skulde den blaute Lid-Gjenta vinna yver henne?
skulde ho taka den Guten, som Gunhild hadde
valt ut aat seg? Aldri i Verdi. Ho vilde hava
"den Guten, og ingen skulde meinka henne i
det. - Minst av alt slik ei Bonde-Krøkja, slikt eit
-daudt, dumt Ting; ha-ha, ho skulde faa sjaa,
kor langt ho kom mot Gunhild Nielsdotter! Og
Gunhild sette seg fyre, at no vilde ho vinna
Baard. Baard skulde vera hennar; ho likad just
honom, og den ho likad vilde ho hava. At
Baard heldt av henne, det visste ho. Han var
bljug, og trudde ikkje at han kunde faa ei slik

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free