- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
107

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 107

og smaafarande i alt sitt Lag, og som ho sat
der lutande yver Salmeboki, saag Baard mest
framandt paa henne. Nei, den som kunde vinna
ei slik som Gunhild!

Dei Augo, ho gav han, var so underlege,
so dragande, so fulle av bljuge og brennande
Tankar, at kvar Gong han møtte dei, kjende
han som ein Eldstraum gjenom seg. Han vart
so hugteken ogtankefull, at han gløymde mest
kor han var. Daa Signe ein einskild Gong vaa
gad seg til aa glytta burt til han, vart ho reint
rædd; for han sat der so sjølvgløymd og stirde
paa Gunhild som han skulde vera forgjord. Det
sveiv Signe ein Tanke um, at Gunhild kanskje
hadde lært meir av Mor si enn ho hadde godt
av. —

Gunhild gjekk, fyrr Tenesta var slutt, og ho
saag i det same paa Baard som ho vilde segja,
at ho ventad han etter. Fraa den Stundi hadde
han ikkje Fred. Daa ho gjekk, var det som
det myrknad i Romet. Aldri fyrr hadde han
funnet Kyrkja so uhyggjeleg med sine smaa
Glas, sine tronge Stolar og sine blaamaalad elder
forgyllte Trebilæte yver Altar og Kordør. Han
fylgde i Tanken henne, der ho gjekk fram gje-
nom Skogen aaleine, millom bleike Blomar i
tindrande Sol. Det var liksom det lyfte i han,
at han maatte ut og etter; han syntest sjaa, at

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free