- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
108

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

108 Seld til den Vonde.

ho snudde seg og saag etter han. Kor sein
han var, den gamle Tullingen av ein Prest.
Kor gode Stunder han gjorde seg med kvar
liten Ting! Tilslutt kunde ikkje Baard herda
det lenger; han stod stillt upp og gjekk, endaa
han hadde vondt Samvit av det og totte Folk
laut kunna sjaa, kva han gjekk etter. Signe
torde han ikkje sjaa paa, ikkje tenkja paa di-
helder.

Utanfor stod det ein liten Flokk og
samtalad; Braad vreid seg unda og snikte seg
paa Heimvegen. Han vilde paa ingen Maate
hava Lag. Naar han kom til Skogs, — kven
veit, kanskje han kunde sjaa seg Kans til aa
smetta etter henne. Det var ikke langt or Leidi.

Guten var reint som fraa seg sjølv. Det
var slik Eld og Ange i Lufti; kvart Andedrag
gav Sæla og forunderlege Kjenslur. Skogen,
han gjekk i, tottest liva; alt bøygde seg saman
i Solvarme, vene Fargar, søt Ange, mjuke Skug-
gar. Han*sagde til seg sjølv i svellande Gleda:
ho helddav meg! og det sagde han Gong etter
Gong, altid med den same Sæla, so han liksom
saup etter Anden. Og no forstod han, at han
og elskad henne, og hadde elskat henne all Tidi.
Det med Signe var paa ein annan Maate; det
var ikkje Elskhug, det var nokot annat, nokot
mildt, fredelegt, utan denne Eld, berre som ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free