- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
112

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

112 f Seld til den Vonde:

men so lo ho og løp sin Veg. Baard etter. Flaug
som det galdt Livet. Hjartat hamrad i han, so
det gjorde vondt, Blodet susad for Øvro, han saag
liksom Gneistar og urolég Tindring. >Gunhild |<
Ho sprang, men no var han nærare. v»Lat
meg tala med deg, Gunhild!« bad han, og no
var han so nære, at det nyttad henne ikkje aa
røma. Ho snudde seg og stansad, og no var
ho bleik, men vart strakst raud. »No gjeng
det i Berg med deg, dersom du ikkje —!« lo ho
forkavad. »I Berg elder kor du vil; men lat meg
faa fylgja deg<, bad Guten. - »Du er den fagraste
eg hev set«. Ei vill Gleda blenkte upp i And-
litet hennar; no hadde ho vunnet! Men ho
slog Augo ned og gjorde seg aalvorleg. »No
lyg dus, sagde ho. »Lat meg døy der eg stend |<
braadde Baard i; »hyss!« sagde Gunhild, »det
same du no segjer til meg, hev du sagt mange
Gonger til Signe«. »Nei! eg hev ikkje! for eg
hev aldri havt slik Elsk til henne. Naar eg
ser deg, vert eg ør; eg skal aldri draga ein
Sukk for henne, dersom du vil lova mege. Ho
glytte upp fraa Sida og smilte, so Baard totte
han vart galen; so sagde ho: »Eg trur deg ikkje
fyrr eg ser«. »Eg skal gjera alt det du bed
meg<. »Ikkjealt!< »Jau, so sant eg her stend. ..=
Daa saag ho fast paa han og sagde: »So bed eg
deg, at du i denne Dag segjer Signe fraa deg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free