- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
117

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. ET

seg so, at denne Nes-Ætti var ei gamall byrg
Bonde-Ætt, den eldste og gildaste i Bygdi, og
Nes-Folket hadde altid voret fyrst framme og
liksom Førarar i all Strid, som der kunde vera
med leide Prestar og strenge Futar. Bestefar
hans Baard hadde endaa i sin Ungdom voret
med og drivet ein Fut or Bygdi, og det paa
ein slik Maate, at det var so vidt Futen bergad
Livet sitt. Av desse Grunnar stod Nes-Folket
som den sjølvsagde Framsyning av >» Folkemagti«
mot Embættsmennerne, og dei hadde stødt lagt
seg etter aa halda den gamle Bondeskikken uppe
og vera dei fyrste millom Likemenn. Daa dei
fekk høyra um dette med Baard og Gunhild,
gjorde dei berre Narr av det. Og gamle Beste-
far var i so Maate ein leid Krok; han kunde
spotta, so det beit. Baard var vaapenlaus,mot
dette, og det verste var, at han 1 Grunnen fann,
dei gamle hadde Rett. Gunhild saag, at han
var meir sturen enn fyrr. Men ho trudde det
kom av Bygdesnakket. Ho gjorde alt det ho
kunde for aa faa han glad; men han vart ikkje
som fyir, og det var ho leid fyre. »Kor kann
du no bry deg so mykje um slikt?« sagde ho;
»eg, som er Kvinfolk, bryr meg ikkje det Slag
um det!« Det gjorde ikkje Baard helder, sagde
han; men det, som var Sanningi, kunde han
ikkje segja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free