- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
118

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118 Seld til den Vonde.

Um Signe høyrde han, at ho gjekk reint
sjuk for hans Skuld. Det gjekk innpaa han,
dette, og han kunde ikkje annat enn tykkja
gildt i ei Gjenta, som eélskad han so varmt og
trufast, og likevæl so stillt og so reint.

I Futegarden visste alle um det, som var
millom Baard og Gunhild, so nær som Futen
sjølv. Til honom torde ingen segja det, og
faae var det væl og, som brydde seg um. Ein
Ting lagde Futen Merke til, og det var, at
Gunhild i seinare Tid vart meir stillfarande og
tung av seg. Han gjorde seg sine eigne Tan-
kar um dette og meinte det kom av, at ho gjekk
her so aaleine. Ein Dag utpaa Vaarkanten
gjorde han ei Byferd. Og daa han kom att,
hadde han med seg ein ung, fin Kar, som han
kallad Hr. Jørgen, og som han sagde var Adels-
mann. »Kanhenda det vil hjelpa<, tenkte Fu-
ten med seg sjølv.

Og det hjelpte paa ein Maate. Gunhild
hadde Moro av denne Karen, for han var so
ulik dei andre Gutarne, ho var van med aa sjaa;
og so snakkad han sorart. Det var halvt Tysk,
og han kom tidt med Ting, som lyddest reint
ravgalne. Gunhild lo ofta aat han, og det var
ikkje fritt ho syntest han var dum. Hellest var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free