- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
126

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126 Seld til den Vonde,

henne, Ho fekk prøva paa aa segja Far sin alt.
Dermed vilde Hr. Jørgen vera ute av Soga.
Sidan gjekk ho til Neset. Baard tok imot
henne; men vilde ikkje dei gamle, so fylgde han
henne aat ei onnor Bygd, der ingen kjende dei,
og der laut dei slaa seg ned, til alt det gamle
var gløymt. Paa den Maaten kunde ho endaa
vinna. Det galdt berre aa taka seg Mod og
tala til Far sin. Og det laut ho kunna; ho laut
kunna det .. . berre tenkja sterkt paa Signe.
Ho sat og arbeidde med desse Tankarne, til
ho ikkje kunde meir. Daa den gamle Tenest-
gjenta kom upp um Morgonen, sat ho og sov
i Stolen sin.

Ho foor upp og saag seg fortryllt ikring,
visste ikkje, anten ho vakte elder drøymde. So
snart ho kom til seg, vart ho raud og snudde
seg burt; ingen maatte sjaa henne no. Det
beste var aa faa alt avgjort strakst. »Bed Far
min, at han kjem inn,« sagde ho. Gjenta gjekk,
men tenkte med seg, at gav ho seg alt no, so
var ho ikkje lik Mor si. Og ikkje lik Far sin
helder, lagde ho til sidan.

Gunhild tok til aa skjelva. Ho sette seg
innaat Bordet med Hovudet mot Henderne for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free