- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
128

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

128 Seld til den Vonde.

>Sjaa so,« murrad Futen. »Er det for
det, du hev sendt Bod paa mes: Dustrurd
ikkje eg hev set eit Kvinfolk graata fyrr? —
Naa, hev du ikkje annatraa segja meg, so fær
me drygja til i Morgo. Min Vilje veit du.
Dermed snudde han seg og tok i Dørklinka.
Daa kom det eit underlegt, jamrande Skrik:
>Farl« det var halvt Skrik og halvt Graat.
Futen snudde seg forbinad, han kjende ikkje
Mælet. »Er du forgjord?« spurde han, »kann
du ikkje faa upp Munnen? Du hev raadt deg
formykje sjølv i dine Dagar, du, det er Ulukka;
eg skulde bøygt deg fyrr, so hadde det no gjen-
get lettare. So, komnomed det. Vil du elder
vil du-ikkje?«

— So hard som han kunde vera, endaa
han saag, kor vondt ho leid! Gunhild kjende
Sinnet stiga i seg; og det styrkte henne. Med
eit svært Tiltak beit ho Graaten i seg, og Ræd-
sla med, gav seg so yver 1 den Tanken, at no
fekk det gaa som det kunde; det kunde daa ikkje
gjelda meir enn Livet. »Eg kann ikkje.
hava nokon annan enn han, som ...« ho saup
etter Anden, liksom ein, som spring paa Sjøen

. han, som er Far aat den, eg ber under
Beltet.«. Ho lagde seg framyver Bordet og
grov Andlitet ned millom Armarne; no var det
sank

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free