- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
132

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

132 Seld tl den Vonde.

ho finna Baard. Naar ho tenkte paa det, var
det som det lyste upp for henne, og ei varm,
saar Gleda glødde fram or Hjarterøterne. Berre
det aa kjenna hans faste Handtak, aa sjaa hans
rolege gode Augo gløda nedyver seg liksom
Solskin . . . ja, no vilde han vera god imot
henne. Og han skulde ikkje trega det. Ho
skulde elska han uendeleg. Og alt det ho
hadde gjort galet skulde ho sona. Ho skulde
vinna att si tapte Æra; alle skulde tilgjeva
henne, tilmed Futen.

Men dei gamle var ho rædd. Desse stive
kaute Bønderne var verre enn alle, hardare enn
alle; og Bestefar i Huset hadde eingong voret
med og jagat ein Fut ... Dei hadde Hat til
slikt Folk, og ho var ikkje som deira Gjentur.
Og no var ho ikkje eingong rik. Det ho fyrr
hadde sett si Von til, var Pengarne sine, for
Bønderne var glade i Pengar; men no var ho
ikkje eingong so rik som Signe. No galdt det,
um Baard var sterk. Men vart det raadlaust
paa annan Maate, so fylgde han henne. Han
fylgde henne i denne Kveld, yver Skog og Aas,
yver Fjell og Finne; vart ho trøytt, bar han
henne, sov ho, so vilde han vaka .. . aa, ho
kjende han! Ho kjende Guten sin; enno var
ingen Ting tapt.

Det vart lengje og kaldt aa staa der, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free