- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
142

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

142 Seld tl den Vonde

Ho kjende paa nytt denne forunderlege,
ustøde Rørsla innunder Beltet. Og ho vende
heile sitt ville Hat mot den skuldlause, ho sjølv
skulde føda. Hans Barn? Skuldi til alt, ho
no maatte lida! I same Stundi mintest ho
Segnerne um Mannen, som fekk Hjelp av den
Vonde og til Takk gav han Barnet sitt, som
endaa ikkje var født. Ein rasande, fortryllt
Tanke tok henne. So skulde det vera —! Hans
Barn skulde seljast. Det vilde vera Hemn! Bar-
net var det slik Slag med; det var so likevæl
ein Lausunge og kom vandt i Himmerik kor
som var . . . Ho reiv ei Naal or Barmen, stakk
seg djupt i Veslefingeren, tok fram Salmeboki
og reiv ut det kvite Bladet framme, der Namnet
hennar stod, og Aaret, ho var fødd til denne
syndige Verdi . .. ho skalv, lo, sette seg, tok
eit fint Straa, og klorad med lange, uleselege
Bokstavar:

»Eg gjev deg Lucifer min fyrstefødde, naar
han er 18 Aar, dersom du hjelper meg til aa
faa min Vilje fram.

Gunhild Nielsdotter<«.

Ho tenkte ikkje lenger, berre lo, lo; sette
til Sprangs aat Kyrkja, tullad Setelen ihop og
stakk han inn under Kyrkjedøri. No var det
gjort! no hadde ho Hemn. Kor han vilde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free