- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
144

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144 Seld til dem Vonde.

det kunde vera paa ei rett Mor og ei urett;
»rette Mor di er nok av eit annat Slag, ho,
sagde Mor Judith, »for det hev all sin Dag
voret Skil paa fint Folk’og Fant, ser du. Di
Mor cr ikkje slik ei gamal stygg Kjering som
eg og andre slike; ho er fager, ho, og ung,
mest som Ingrid, men mykje fagrare, so ho
gjerna kunde vera Prinsessa for den Skuld; men
no er ho ute og reiser, ser du, ute i vide Verdi,
ser du; og kanskje finn ho seg ein Prins, og
so vert du og Prins, Tullingen min! forsténd
du det? Hm?« — Nei, Tullingen forstod ikkje
det. Men han tenkte mykje paa det, ettersom
han vart større.

Mor Judith var yver 50 Aar gamal, diger
og rund som ein Høystakk, med eit breidt,
kjøtfullt Andlit og smaae graae glyrande Augo,
som til det jamne saag lystige ut, men stundom
kunde vera kvasse og vonde, og andre Tider
so midt imillom, at ingen kunde vita anten
Kjeringi var sinnad elder blid. Ho var klok
og sløg og um seg paa alle Kantar, men like
væl i Grunnen godsleg, ja snild, og snytte aldri
ein Mann paa ein halv Skilling med sin gode
Vilje. Ho hadde voret gift, men var barnlaus;
no livde ho av slikt som kunde falla. Ho dreiv
med Dokterkunster, gjorde aat for Verk og
Mein og Kjærleikssorg, spaadde i Kort og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free