- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
145

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 145

Kaffigrut og var Dyrlækjar og Jordmor. Ingrid,
Systerdotter si, hadde ho til aa hjelpa seg i
Huset; det vart daa og ho, som mest stellte
med Baard.

Ingrid var ein liten forlivande Gjentunge
paa 16—17 Aar, glad og snild og ikkje ufager.
Baard likad seg godt hjaa henne, men var like-
væl best i Lag, naar Gamlemor sjølv var inne.
Naar ho var burte, var det som der var ute ein
Vegg, totte Guten. Og naar Gamlemor var
fraa Huset, kom det tidt inn ein Gut, som altid
hadde so mykje aa svalla med Ingrid um, at
denne ikkje kunde faa agta Barnet som ho
skulde. Ho leet Baard hytta seg sjølv, gav
han einkvart til Leikverk, og brydde seg so
sidan um ingen Verdsens Ting utan um den
framande Guten. Daa likad ikkje Baard seg.
Han gav seg stundom til aa skrika, og daa vart
Ingrid vond og slog han. Og naar ikkje det
hjelpte, so kom Guten og skræmde med ein
diger Stav og skjende og var skræmeleg kvass
i Uppsyni. Baard vande seg daa etter kvart
til det. Han laag ofta i lange Stunder paa
Golvet og leikad med eit elder annat, men saag
samstundes undren og sur burt paa dei tvo, som
syntest hava so mykje aa tala um. Desse Stund-
erne vart nokot med det fyrste, som grov seg
inn i Baards Minne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free