- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
149

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 149

men gnaalad og skjende alt i eit for dette, og
naar det vart som verst, bad ho han reisa sin
Veg, helst til Sjøs; for der høyrde slike ville
Gastar heime. Baard brydde seg ikkje stort
um dette; han hadde Moro nok heime, totte
han, og so leet han Gamlemor skjella. Og stund-
om slog han paa, at det nok ikkje var for
ingenting, ho hadde han her, so ho kunde nok
”tigja, so lengje han tagde. Det hadde han høyrt
i Byen. Og kvar Gong han slog paa det, tag-
nad Mor Judith. So vart Baard kaut mot henne
som mot alle andre. Ein einaste Ting var det
som drog han ut, og det var Tanken paa «Rett-
Mor« hans. Um henne hadde Mor Judith fortalt
so mangt, at Guten gjekk i underlege Draumar
um henne. Han tenkte seg henne som »Prin-
sesse«, som Dronning; hjaa henne maatte det
vera gildt aa vera. Daa han var ikring 14 Aar,
vart desse Tankarne sterkare enn fyrr, og
han gav seg til aa spyrja etter Mor si og
undrast paa, kvi han ikkje fekk vera hjaa henne,
han som andre Gutar. Mor Judith svarad ingen-
ting til dette. Men ein Gong hadde han gjort
henne so will og vond, at ho ikkje kunde
styra seg, og daa kom det. >Du gjeng her og
trur, at du er meir enn andre Folk, du<, sagde
ho, »pøh! din Lausunge du er |« — Baard kjende
seg fraa den Dagen mindre enn fyrr. Han tottest

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free