- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
151

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. ISI

gjesta si Festemøy. Han kom ruslande helder
kaut, med Luva paa tri Haar og ei halv Flaska
paa Lomma, for her skulde dei sjaa Guten!
Men so fekk Far aat Gjenta, ein skikkeleg Timre-
mann, fat i Fyren, og no vankad det slik Juling
og slik ein Kjeft, at Baard aldri i sine Live-
dagar hadde voret ute for Maken. No fekk han
vita, kor mykje han var vyrd av skikkelegt Folk.
Alle dei verste Utnamn som til var fekk han,
og det som beit mest var, at han vart kallad
ein »Filleprinsc, ein »Gateslusk< og ein »Legda-
Omagje<, som laag og livde paa annat Folks
Pung og ikkje dugde til nokon Verdsens Ting,
utan til aa laupa galen og gjera seg til Narr og
til eit Spektakel for heile Byen. Den Kvelden
vart Baard mjuk. Forslegjen og skamfull smøygde
han seg heim og gløymde baade Gjenta si og
Karsskapen. Novilde han herifraa. Slikt vilde
ikkje han finna seg i. Til Sjøs vilde han, og
naar han so var utlærd, so vilde han til Mor
si, faa Pengar av henne, kjøpa seg Farty, og
koma heim att som Storkar, og so skulde nok
den Skarven av ein Timremann faa trega, at
han hadde lagt seg ut med »Prinsen<! Dagen
etter heldt han seg inne. Og ein Maanad etter
foor han avstad med eit Farty, som skulde til
Engeland. Den som var glad -var Mor Judith.

Men den, som ikke var glad, var »Gjenta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free