- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
154

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154 Seld til den Vonde.

Gode tri Aar etter at Baard var utreist kom
det ein Dag ei framand, bleik, staseleg Dame
til Mor Judith, som denne ikkje kjende, men
som var Gunhild. Ho hadde forandrat seg utru-
leg. Ho var meir utvaksi og fyllig, men sam-
stundes meir folnad; Aasyni var graableik, og det
hadde gravet seg fine Gaarur paa Panne og kring
Munn, so ho saag mest gamall ut. Men Augo
var stirande og harde, og mnaar ho slog dei
braadt upp, saag dei sjuke ut. I heile si Fram-
ferd hadde ho ei Uro, som var uhyggjeleg; ho
sat sjeldan lengje still, men foor ret som det
var upp og gjekk, gjekk og dreiv med nervøse,
hastige Rørslur, og so var det som ho kvakk
att, stansad, sette seg og saag seg ikring med
utrygge, skræmde Augnekast. Mor Judith tenkte
med seg: ho hev havt nok av Verdi.

Det var Son sin, ho vilde finna. Daa ho
høyrde at han var utreist, vart ho reint som
ifraa seg; men so kunde Judith fortelja, at ho
hadde Helsing ifraa han, og at han snart var
ventande.. Det hjelpte. Ho spurde ut all Ting
um han, og iser um han hadde teket seg godt
upp. Judith svarad, at han hadde voret som
Folk flest i den Alderen, men altid nokot meir
livleg; for det var Eld i den Guten, sagde ho.
Gunhild sukkad tungt, og daa ho høyrde, at han
var fagrare og stautare enn dei fleste andre,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free