- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
164

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

164 Sedd til den Vonde.

Fyrar friat til henne; for ho skulde vera nokot
reint utanfares ... . berre ho ikkje var so stolt.
Hm! Noksagt, den Galningen, Baard, han vart
glad i henne. Og han likad, at ho var stolt,
han. Han var nok leid desse vanlege — hm!
han totte dette var nokot nytt; men Gud hjelpe
den Stakkaren; for der kom han i Glefsa. Han,
som ikkje visste av aa faa Nei nokon Stad —
»aa Gud forsyrgje meg, kor mange han hev
narrat!« — han, som all sin Dag hadde voret
reint søkt ... haa-haa! han hadde ikkje meir
Vyrdnad for eit Kvinfolk enn for eit Par gamle
Vottar; han hadde gjerna vaagat seg i Kast
med Dronningi av Spania! . . . >for det er
Fanden til Gut; du ser ikkje kvar Dag hans
Make . . . stor og ferm, vælvaksen og herde-
breid, Andlit som ei Gjente, og Haar som Kong
Absalon! Og so lystig, Far! — hm! — lystig
og vill, glad i godt Ver og endaa gladere i
vondt, frisk som ein Fugl, fri og framdjerv som
ein Sjørøvar . . . Jau! eg kunde fortelja mangt
um den Guten, eg! — men det er visst, og
det segjer alle: Zam vert til nokot! Han burde
vera Konge; naa! det er han ikkje fødd til;
men so vert han Admiral. Elder nokot annat
slikt. Det er some som segjer, at han er ein
Skarv; men det er altid slike, som han hev
dengt, elder som han hev teket Kjærastarne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free