- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
165

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 165

ifraa . .. men mnoksagt. Jal Det var denne
Gjentungen. So vent hev eg aldri set; ho var
som skapt aat ein Gut som Baard .. . berre

ho ikkje var so stolt. Huff, deiskulde vita, kva
«dei var utan oss, dei Trolli, so var dei ikkje so
kaute. Ho saag ikkje paa oss ein Gong. Tri
Steg fraa Livet! var det all Tid . . . og ho var
ingen ræddare enn Baard. Han prøvde seg
paa alle dei Maatar som til var; men nei! ikkje
eit godt Ord; ho var som av Malm, den Gjenta.
Slike burde faa Lov aa gaa, so fekk dei kjenna
kor gildt det var. Naa! men di meir ho stod
imot, di heitare vart han, og tilslutt gjekk han
der som galenog kunde ikkje tenkja paa annat
enn henne. Slikt hev eg aldri set. Og Enden
vart, at han gav seg til aa tenkja paa aa gifta
seg med henne! ja for Aalvor daa, forstend De.
— Ja det var fælt. Han gjekk der og sturad
og var so sur og vill som han skulde havt
Tannverk. Ein Dag so gjekk han upp til
Gjenta og sagde henne dette, og svor og for-
bannad seg paa, at det var hans Hjartans Mei-
ning, at han vilde gifta seg med henne og taka
henne med seg heim, og livamed henne i Tukt
og Æra som ein god Ægtemann, og so lengje
svor han og bannad, til dess Gjenta trudde.
Og med same Gongen var det som ho var um-
skapt. Aldri set slikt! Berre Eld og Glod all

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free