- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
166

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166 Seld til den Vonde.

igjenom. Elsk og Elsk, alt ut i Veslefingeren.
Ho var so glad i Baard, at ho kunde ikkje vera
fraa han ein Dag! Ja, slik er det med desse
kaute . . . verre enn alle i Grunnen . ... stillt
Vatn hev djup Botn ... Men hellest var ho
ei bra Gjenta, ærleg som Gull, trufast som eit
Storanker; Baard vart reint vill, han. Reint
ravende galen. Han var so glad, at han vart
til Narr for heile Skuta; det maa vera Maate
med alt! Han dengde upp tri Mann paa ein
Kveld, fordi dei hadde sagt eit Ord um henne
som han ikkje likad. Dengde dei, til dei laag
og vreid seg som Aal i ei Teina. Huff; ja det
var fælt. Eg kjende ikkje Guten att. Og so
vilde han gifta seg i same Rappet. Eins zwei
drei! Det var ikkje Bøn for det. Ho var slikt
eit framifraa Kvinfolk . . . hellest berre Dotter
av ei skarve Enkja; Far hennar var ein Gong
i Verdi Skipper, segjer dei, og ein hard Haus
... Men Anna vilde ikkje Baard skiljast med,
nei ikkje ein Dag. So fekk me Vind og siglde,
og dermed vart han liggjande etter ... fekk
Lov av Skipperen, ser De . . . og til meg sagde
han, at han vilde fylgja Jens Villumson heim,
og daa skulde han koma som gift Mann og
blaasa aat alle dei Kvinfolk som fanst, baade
her og annanstad i Verdi. So no kann De
venta han um ein Maanad elder tvo; kjem an

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free