- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
172

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

172 Seld til den Vonde.

komne; skulde Gunhild ikkje lika, at ho fann
Son sin gift?

Dei sette seg, Gunhild midt imillom dei
tvo unge. Og ho glytte upp til dei, men torde
aldri sjaa dei i Augo. Hjartat glødde i henne
av Elsk til denne Son sin, som ho fann forunder-
leg fager. Det var eit sterkt, greidt Andlit,
med nokot varmt og fust yver sine ungdoms-
mjuke Drag, Augo var glade og klaare, Smilet
forførande. Og Anna! Nokot so ljost og fint
hadde Gunhild aldri set. For henne, som gjekk
der nedkvævd av fæle Minne og rædde Tankar,
syntest ho som ein Engel ifraa Himmelen. Ho
treiv henne tilslutt i eit stort Tak og drog
henne tett inn til seg; det var som ho søkte
Frelse hjaa henne. Baard sat og saag paa og
smilte, byrg som ein Konge; no tottest han
vera ein Gong til so trygg paa, at han aatte
den beste Gjenta paa Jordi. Og han reiste seg
i si store Gleda og drog eit djupt, sælt Sukk:
»No skal me liva, Mor!« sagde han.

Og han fortalde, halvt aalvorslegt, halvt
skjemtande, at det var Anna, som hadde gjort
han til Menneske. »Fyrr var eg ingen Mann,
eg var ein Varulv. Ei Trollheks hadde kastat
Dyreham paa meg; eg gjekk der so vill som
Varg i Skog og øydelagde alt eg saag, og meg
sjølv med. Naa! no er det slutt. Den vesle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free