- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
176

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176 r Seld til den Vonde.

aat kvarandre slaa. Anna drog seg fastare inn
til Mannen sin liksom eit Barn, som fæler. Baard
tenkte med seg: denne Kona kann vita meir
enn nokon trur. Ho ser ut til aa kunna hava
Syner! »Gakk til Presten . . . um tie Dagar er
det slutt« —? Skulde han døy? Visste ho,
at han skulde døy? Var det det, som gjorde
henne sjuk istadenfor glad, no daa ho fekk sjaa
att Son sin? — Nei, nei, nei. — Det var ikkje Mein-
ing i slikt. Det var Tull, sjuke Draumar, Inn-
billningar av sjuke Folk; ingen brydde seg um
slikt. Og han, ein ung frisk Kar; — Snakk. —

Den sjuke vart rolegare. Utpaa Morgonen
sovnad ho. Dei unge tok seg gode Voner
av det.

Men ho sov ikkje rolegt, og um ein Times
Tid vaknad ho med eit sterkt Skrik, flaug halvt
upp og var reint som fraa seg. Anna kastad
seg inn til henne og trøystad og bad, greet og
trøystad, og bad henne vera roleg; dei var hjaa
henne baae tvo. Baard vart fælt støkkt. Tvo
so fortrylite og forskræmde Augo hadde han
aldri set, som dei Mor hans. no sette paa han.
Det var det reine, stirande Vanvit. Men ende-
leg var det som dei løyste seg. Dei drog seg
ihop og fekk Feste. »Er du der?« stunde ho.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free