- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
179

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 179

stundom; naar hosaag han, var det ikkje Tanke
um aa kunna tala. Ho torde ikkje! ho var rædd
han. Han kunde mana henne ned i Jordi med
dei sterke Augo.

Baard paa sin Kant gjekk i løynleg, men
tung Otte. Det kvakk i han, kvar Gong han
saag ei Likferd, og naar Klokkurne gjekk, var
det som dei ringde yver honom. Um det no var
so, at han skulde døy! — spikrast ned i den
svarte Kista, berast til Jordi av svartklædde Folk
under Klokkeringjing og myrk Salmesong, leg-
gjast med i den vatskalde Jordi, millom rotne
Lik, gravast ned fraa Luft og Sol, med tri Fot
Jord tyngjande yver den tronge Kista! — Han
kjende Hjartat kolna i seg av Fæla.

Men naar han saag Mor si, vilde han ikkje
spyrja. Ho saag so veik ut, og han vilde ikkje
synast rædd. Men han fekk ein Støkk for henne.
Kva var det, den bleike Kona gjekk her og
gjøymde paa under sitt svarte Skaut? Var ho
ei Spaakjering? Hadde ho Syner? Var det det,
som laag og glødde paa Botnen av desse store,
stirande Augo?

Dagarne gjekk, uendeleg smaatt, og likevæl
so skræmeleg fort. Baard gjekk som i ein Lik-
ferdsgard. Alt var stilt, tigjande, florvunnet,
alle Andlit bleike, alle Augo sorgslørde. Anna
leid vondt i all denne Uhyggja. Ho spurde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free