- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
188

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

188 Seld til den Vonde.

Baard vart rolegare og tok til aa fortelja.
Han fortalde alt det, han hadde høyrt av Mor
si, og so fortalde han um seg sjølv. Og som
han sat der og fortalde, "mintest han fleire
Ting, snart eit og snart annat, som han sjølv
hadde røynt, og som han no forstod maatte ha
voret Minningar og Aatvaring um det, han
hadde i Vente; det var mest Draumar og slikt.
Fyrr hadde han ikkje lagt Merke til dei; no
fortalde han dei i stor Rædsla, og dei vaks og
vart reint forunderlege, tekne paa denne nye
Maaten. Og Presten trudde meir og meir paa
det han fortalde, og myrknad meir og meir
ikring sine harde Augo. Make til fælt hadde
han aldri spurt. KE

— »No veit du alt, Prest,< sagde Baard,
»seg meg no for Guds Skuld, um ein slik Han-
del kann gjelda.« Presten tagde ei Stund. So
svarad han: »Ja.<

Baard hadde nok tenkt so sjølv, og likevæl
var det fælt aa høyra det stadfest av ein Mann,
som visste det. «Nei, nei,« bad han, »det er
ikkje Raad! slikt Zamm Vaarherre ikkje tillata.«

»Du vil væl ikkje meistra Gud?« spurde
Presten. »Vil du segja til Gud: det og det er
rett og det hev du Lov til, men det og det
maa du ikkje gjera? Vil Krukka læra Potte-
makaren? vil Skapningen skriva Skaparen Logj-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0200.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free