- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
196

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

196 Seld til den Vonde.

som or ein Kjeldar, og for kvart Steg gav det
Attergny rundt alle Kvelvar og Krokar, so det
høyrdest som mange gjekk. Her lyddest Storm-
duren tjernare, men holare og tyngre; det var
som Toredun bak ein Bergaas, men med lange
YI gjenom Gluggar og Taarn. Baard kjende
Kaldsveitten renna nedyver Andlitet sitt, og heldt
Presten i Haandi med eit hardt Tak. Men han
kjende, at den Haandi, han heldt i, skalv.
Kyrkjegolvet fekk aldri Ende. Det var som
dei stod og steig paa same Flekken og ingen
Veg kom. Kalde Gustar strauk linnt imot dei;
det kjendest som Kausing av lette Hender, elder
som Pust or eit usynlegt Gap. Kvite Lakan skim-
tad fram og gjøymde seg attum Sular og Murkan-
tar, og uppyver dei, og rundt under Kvelvarne,
høyrdest liksom kvævde Vengjetak. Det veike
Lykte-ljoset sleim ustødt burtyver Stoleraderne
og vekkte lange, urolege Skuggar, som flutte
seg og flydde og mengde seg tilslutt med det .
store Myrkret langs Veggjerne. Endeleg naadde
dei Altaret. Baard saup djupt etter Anden og
kjende seg lettare. No var dei framme. Paa
denne heilage Staden maatte ein væl vera trygg,
helst naar ein hadde ein Prest med seg, No
kveikte Presten Altarljosi og bad Baard leggja
seg paa Kne innmed Altaret. Baard so gjorde,
og laag der halvløynd bakum Prestekjolen. Pre-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0208.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free