- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
201

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seid til den Vonde. 201
andre. var Anna, kvit som Lik. Med stivt
Andlit, og Augo, som stakk fram som tvo Eld-
teinar, rette Presten Kalken og Boki fram imot
dei, lyste og forbannad, so det gjekk svart um
dei; »vik burt, de Djevlar i Kvendeham!< Og
dei fekk ikkje koma fram til Baard. Daa kvakk
Gunhild stygt, seig halvt attende og studde seg
tungt mot Anna. Men Anna kunde ikkje meir.
Ho lagde henne varlegt ned, lagde seg sjølv
paa Kne med Sida av henne og tok til aa lesa
.Fadervaar, — halvt i Ørska, halvt i den Tan-
ken aa visa Presten, at dei var Folk og ikkje
Skrymt. Daa vart Presten standande som hand-
fallen. Han vart forundrad og glad paa ein
Gong. Daa Anna kom til den tridje Bøn, tok
Klokka til aa slaa tolv. Og daa Fadervaaret
var slutt, fall siste Slaget. Midnottstundi var
yver. Presten drog eit djupt Sukk, studde seg
skjelvande til Altarbordet og turkad Sveitten av
Panna. >Frelst!« sagde han. Baard krabbad
fram paa Knei og treiv Henderne hans —:
Takk! Gud løne deg for dette æveleg.«

Det gav ein Rykk i Gunhild. Ho rette
seg upp: »Frelst —? kviskrad ho. »So Gud
vere Lov og Takk ...< Ho seig tungt att-
ende. Daa Baard kom fram til henne, var ho
sloknad. —

Dei tvo unge laag paa Kne uppyver henne;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free