- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
206

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

206 Ein Ungkar.

med det Damerne; nei Gudskelov, so ille er det
daa ikkje; for eg likar ikkje den Nasjonen. Skal
eg hava Kjenningari Femininum, so held eg meg
til slike, som eg kann pratarmed som med annat
Folk, men ikkje til desse her, som trur, at ein
frir til Mors-arven deira, berre ein segjer: »Sol-
skin idag, Frøken Petersen |<

I det heile: ein skal aldri segja »Solskin
idag, Frøken Petersen«. Dei er so reine, desse
der, at so snart det ser eit Manfolk, so trur
dei han gjeng og lurer og vil taka den arme
Dygdi ifraa dei, og det einaste dei tenkjer paa
er aa klæda seg upp, so Mannen skal faa Hug
paa dei, og so gjeng dei med nakne Aksler og
nakne Armar og nakne so langt ned som det
gjeng an, og væl so det, for at Manfolki skal
sjaa den fine Hudi; for dei er so reine soreine,
aah! — Jøsses. So fær dei vera reine daa! ten-
kjer eg; eg likar best dei, som tek Verdi
som ho er, og er glade med dei glade, og
græt, naar dei hev noko aa graata fyre; for
det er der Ræsong i, og Moral er det og,
god nok Moral aat denne Verdi, Dævelen
ruske meg! Eg er ein god Lutheranar. Wet-
ber, Wein und Gesang, segjer eg. Og so
held eg meg til Bibelen. Der stend ikkje, at
Kvinna skal vera rein, men der stend, at ho
skal gjera si Plikt, den Jaala! »Vorder frugt-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free