- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
207

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein Ungkar, 207

bare og formerer Verden,« sagde Vaarherre, og
det sagde han til Adam og Eva, som ikkje var
vigde meir enn Katten; det var hans Moral!
Men jøss, eg veit nok det, at Folk for lang Tid
sidan hev vortet baade visare og moralskare enn
Vaarherre. —

Kva var det no for nokot, eg skulde fortelja?
Ja, det var desse Damerne daa. Dei er ikkje
mine, og eg hev aldri havt nokot aa gjera med
dei; det er mine gode Venner Hansen og Per-
sen og Johnsen og Larsen, som hev komet ut
for dei, og hev gift seg med dei; men so trur
dei Dyri, at dei er gifte med meg og, paa ein
Maate daa. Og so skal eg Byen rundt og kjøpa
Hattar til dei, og Symaskinar, og Merskums-
pipur, og Barnety, og Taateflaskur, og Senge-
umheng, og Rivejern, og Kvindens Underkuelse,
og Mandelsaapa, og Haarflettur, og Paul de
Kock, og Belladonna, og Morfin, og Fanden
med Feitt paa . . . Daa spør eg kvar ærleg kri-
sten Sjæl og Ungkar, um eg ikkje maa banna
svart?

Men um eg no tek meg so nære, at eg
utfører alle desse Ærend for mine gode Ven-
ner og alle deira Kvinfolk og Kjærastar og
Ungar og Kanarifuglar og alleslags andre Hus-
dyr, kvaTakk fær eg so? Eg fær mange Takk.
Mange Takk, Jakob. Jøss. Men mine kjære

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0219.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free