- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
209

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein Ungkar. 209
EE SEE rd

tri Vikur, fyrr han sende dei. Og so sende
han dei naturlegvis til meg. Ikkje til Ekspedi-
sjonarne, var det likt seg! -Jaha, dei brukte 14
Dagar fraa Lofoten til Kristiania, og deretter
brukte dei 8 Dagar fraa Kristiania til Sæters-
dalen, og daa eg, som undrast paa, kven som
kunde sende tolv Krunur til meg, fekk Brevet
og saag kva det inneheldt, so lo eg meg daud,
og vart rasande galen. Patrioten! Skulde
eg, som laag her for aa hava det godt,
setja meg til aa skriva Brev til 4 Bladeks-
pedisjonar, skifta dei 12 Krunurne sund slik,
at kvart Blad fekk sitt, leggja Brevi og
Pengarne inn i kvar sin Konvolutt, skriva 4
Utskrifter, fara tvo Mil til Postopnaren, tinga
med honom, um Pengebrev herfraa til Blad
som skulde til Lofoten, gjekk fritt, for det visste
eg ikkje, og so endeleg gaa tvo Mil attende og
harma Livet av meg yver alt dette Bryet eg
hadde havt for ingen Tvoskilling, jøss, jau det
vart ein snaal Maate aa »hava det godt« paa.
Nei, so foor den vittige Tanken i meg, at kann
andre plaga deg, so kann du plaga andre, elder
som Diktaren segjer endaa vittigare:
Maatte jeg under Skjæbnens Piskeslag hyle,
der gives vel dem, jeg igjen kan pryle,
og so sette eg meg til og skreiv eit Brev til min
Ven Rasmus. Det Iydde soleis:
14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free