- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
211

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein Ungkar. SEI

laag cg i fjortan Dagar og saag paa detrignde.
So vart eg leid av dette og foor tilbake til
Kristiania. Det er godt aa koma heim, endaa
um ein bur i Maridalsvegen 192 k, tenkte eg;
og um Kvelden saag eg innum til Karoline.

Um Sundagen kom eg til aa minnast min
gode Ven Rasmus. Du skal upp og sjaa til
Rasmus, tenkte eg, og sjaa aa faa han blid att.

Og eg gjekk. Vegen var lang og lenger enn
lang; men Enden vart, at eg stod i St. Halvards-
gata 39 og ringde paa det beste eg hadde lært.

»Rasmus heime?

»Ja; ’ssgod«. Dei hadde fenget ei ny Gjenta
hjaa Rasmus no, og ho var so vakker, at —.
» Versgod!« sagde Gjenta.

Eg inn.

»Aa din gamle Idiot, er det du?< sagde
min gode Ven Rasmus og lo yver heile sitt
fregnutte Andlit. »Vil du ha Øl kanskje>-

»Javisst vil eg ha Øl. Jøss. Versgod set deg,
Jakob! Mange Takk.« Eg sette meg etter denne
Sjølv-Innbjoding; Rasmus lo og gjekk uti
Kjøken for aa snakka med Gjenta. Fg kunde
nok havt Hug til aa fylgt med han der uti Kjø-

ken! men strakst etter – forunderleg nok,
strakst etter — kom han inn att, gav seg til

aa tjuska med ei Pipa, som han baud meg,
sette seg so ned og spurde, um eg livde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free