- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
216

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

216 Mannen med Sekken.

fekk ein taka det næstbeste. Det gjorde daa
eg, og steig inn.

Det var att ei Stund til Trænet skulde gaa,
og so sat eg daa der i mine regnkalde Tankar
OG saag paa Skyerne og lydde paa Vinden.
Attanfor meg sat Folk og drakk Øl. Dei hadde
ikkje Glas, kunde eg høyra, men leet Flaska
gaa rundt og drakk av Tuten. Nasjonal Grise-
skap, tenkte eg. Drikka av same Tuten, andre
hev drukket av med sine Tobak-Kjeftar og alt,
som til er; supa av same Fatet som andre syp
av; røykja av same Pipa, som andre hev site
og siklat med, hu, det er »folkelegt«, men Grise-
skap like godt. Og so alt dette Ølet. Den
tyske Nasjonen segjer dei hev drukket seg dum
.paa Øl, og det gjeng væl same Vegen med
Nordmannen og, allvisst med Austlendingen,
som er tung nok fyrr, um han ikkje kostar ut
Pengar til Bayer-Bek og Svovelsyre — »Her!
kom her! her gaar vi inn!« høyrde eg med
eingong utanfor Døri.. Eg er rædd eg bannad
litegrand; iallfall skar eg Tenner; men anten
eg gjorde det eine elder det andre, . so gjekk
Døri upp, og for mine ill-sinte Augo viste det
seg ein Sekk, og under den Sekken var ein
Mann, og den Mannen saag meg ut som ein
Slusk, og den Slusken var halvfull, og etter seg
hadde han ein annan Fyr, som eg ikkje saag

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free