- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
217

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mannen med Sekken. 217

noko paa. »Ta imot denna Sekken, du!« ro-
pad det inn til meg, godslegt og gnellt. Eg
ynskte baade Mannen og Sekken lenger av-
sted enn eg her bryr meg um aa segja, men
taka imot Sekken maatte eg; treiv han med
den eine Haandi og drog han inn, gav han so
eit Par gode Spark med den eine Foten, so
han kom til aa liggja inn under ein Benk, og
eg kjende, at der var Flaskur i Sekken. Der-
med drog eg meg inn i den indre Enden av
»Baasen< og gav meg yver. Det kunde ikkje
henda meg nokot verre enn det, som no hadde
hendt. Eg var seld og fortapt. Eg fekk finna
meg i det. Men dei tvo uvælkomne Gjesterne
kom staukande inn som ingenting var, og dei
sette seg, og gjorde seg Rom, og stelte seg
som det var heime. Det er endaa godt at dei
er tvo, tenkte eg, so kann daa eg sleppa aa
halda dei med Selskap.

Ølflaska var alt uppe; men dei hadde ingen
Korkedragar. >»Kom mæ en Korketrækker du,<
sa Mannen med Sekken til meg, rolegt og
blidt, liksom han var Herre i Huset. Eg hadde
havt betre Hug til aa gjera Nasen hans til ein
Korketrekkjar eg; men upp maatte eg med min
nye fine Kniv med Elfenbeins Skaft, som der
var ein liten Uppdragels paa, der var ikkje
Raad for det. »Vers-gole kvæste eg gjenom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free