- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
220

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

220 Mannen med Sekken

sin æveleg. Og daa han var ferdig, — ja, du
kann vita, kva han gjorde. Han kom burt til
meg. Ikkje gangande, ikkje paa sine Føter,
som andre Folk; nei, han vart sitjande paa sin
Ende og okad seg hit, rodde seg hit, ledkad
seg hit med Hender og Føter, med heile Krop-
pen, bugtad seg hit; og so sagde han: »Du
er ein snild Kar, du. Svært te snild Kar.<
Aa, det var væl ikkje so faarlegt med det,
knurrad eg. »Ver so go, her er noko Øl,
sagde han. »Eg skal ikkje ha Øl:, sagde eg.
>Ver so go! ver so gol« sagde han. »Nei
Takk, nei Takk, sagde eg. »Ska du kje ha
Øll?« spurde han. »Neill« svarad eg. »Jaso-,
sagde han og saag paa meg med sine store,
skygge Augo; so drog han seg litt ifraa meg
att. Og so drakk han sjølv. Men snart hadde
eg han paa Sida av meg paa nytt, og no slog
han seg i Drøs for Aalvor.

Eg fekk finna meg 1 det. Eg saag, det
var so lagat: eg skulde paa Pinebenken i Kveld.

Og tettare og tettare drog han seg innaat
meg, smøygde seg innaat meg, mjuk som ein
Tater, mjuk som eit Kvinfolk; eg maatte til-
slutt bruka Aalbogar og Kne for aa halda han
fraa meg. Men Henderne heldt eg so nære
Lommurne som eg kunde, for eg tok til aa
tru, at. Fyren kanskje kunde vilja gjera seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0232.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free