- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
231

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 251

for aa vera Karar for henne; dei slogst, so dei
blødde Naseblod, vassad i Elv og Bekk, so dei
vart vaate til Knes, vaagad seg ut paa natt-
gamall Is, krabbad upp paa Løda og Fjos og
gjekk og spantad att og fram paa Møni som
store Fuglar; some av dei lærde seg til aa banna,
og eit Par av dei eldste prøvde endaa med
Tobakk: Ho var med dei paa so mykje ho
kunde; tilslutt kunde ho segja »saagur og
»Dægeren færi meg« likso kaut som nokon Gut,
og tok sine Drag av Pipa so godt som den
sterkaste. Og daa sette ho slik ein Trut, og
var so morosam so; ein kunde læ seg. ihel;
elder ho gjorde Narr av dei, og gjorde lang
Nase til dei, og fekk dei so sinnad som smaae
Hanar.

Anne Malene kunde aldri Leksa si og
kunde aldri sitja roleg i Skulen. Men Læ-
raren sagde ikkje nokot for det, og det
fann dei andre rimelegt. Daa ho skulde til
Konfirmasjon, kom det ille med, at ho hadde
leset so litet; ho kunde ikkje Katekisma dess-
meir. Ja ho kunde ikkje greida dei tie Guds
Bud. Men Presten saag, at ho var eit godt
Barn, det kunde ein sjaa, berre ho smilte; og
so hadde ho ein god Forstand, og høyrde etter,
naar han forklarad for dei, og Vaarherre bøygde
henne nok, naar hans Tid kom. So slapp Anne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0243.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free