- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
242

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

242 Ungdom.

smaatt, og skjemtad med henne, naar det høvde
seg so, baade i Tukt og Ærd; men eingong
høvde det seg so, at det gjekk galet med dei.
Jens Carlstad var ein Kjeltfing! Han hadde
forført henne! Det stakkars uskyldige Barnet,
" som hadde havt so trygg ei Tru til han, — no
visste ho, kva han var for ein Kar. Og Jens
Carlstad vart grov mot seg sjølv, og bannad
seg sjølv, og agiterad seg upp mot seg sjølv
med alle dei Raader han visste . . . og 50 var
han glad. Glad, glad, for ho elskad han! ho,
den vesle snilde Gjentungen, ho elskad han; —
uff, han var ein Kjeltring.

Nei, han var ingen Kjeltring. Han hadde
ikkje forført henne. Det kom av seg sjølv, det
kom som ei Ulukka. Det kom som Stormen,
ingen veit, kor han kjem fraa, og ingen veit
kor han gjeng. Ho vart so søt, altfor-altfor-
altfor søt; han gløymde at han var sedeleg,
gløymde alt, saag berre henne, henne, hus-
takande, forlokkande, ægte kvinneleg, med eit
Smil so søtt og syndigt, og ljose Augo i vaat
varm Glans; han saag det gjenom ei Skodd,
gjenom ein Rus; han visste ikkje, at Kjærleik-
en var so sterk; ingen visste det no; dei talad
og skreiv um aandeleg Kjærleik, og sedeleg
Kjærleik, og usedeleg Kjærleik, og Sjukdom,
og Satansmagt, men ingen visste nokot um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free