- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
251

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 251

ein moralsk Mann. Men no hadde han tvo
Kjærastar, og av den eine fekk han Øyredaskar,
fordi han var for moralsk, og av den andre fekk
han »En Hanske:«. Han hadde visst fortent
baade det eine og det andre; han var den største
Bengel, som gjekk 1 tvo Par Sko; men han
vilde vera eit Asen, um han kunde gjera nokot ved
det. Kvi kunde han no ikkje faa halda av den
Gjentungen ei liti Stund? Ein vart tidsnok
gamall og tidsnok gift; og daa var det Stri-
skjorta og Havrelefsa og Strævet for Maten fraa
Haand i Munn, og tilslutt Gikti, og so Lik-
Kista; ein var berre ung denne eine fatige Gong-
en, og so skulde ein ikkje faa vera lettsindig
i dei fem-seks Aari helder! Kvi leet daa ikkje
Vaarherre oss koma til Verdi med graatt Haar
og Gikt med ein Gong?

Kvi fekk me ikkje gifta oss, so snart me
vart vaksne? Det var Spursmaalet. Hadde
Jens gift seg med Jenny, daa han var sekstan
Aar, so hadde han aldri komet paa galne Veger
med Anne Malene. Men Kvinfolki, dei giftad
seg, naar dei var syttan Aar, dei, so.dei kunde
nok koma ifraa det!

Jens tenkte og funderad, so han vart baade
varm og kald, men torde ikkje tenkja Tankarne
ut. Der var ein Konsekvens han ikkje likad.
Men tvo Ting stod fast: at han var ein Nok-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free