- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
253

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. v 253

Ja, so hev eg i Grunnen ikkje stort meir
aa fortelja.

Eg kann leggja til, at dei unge Folk eg her
hev meldt um, no er gifte elder feste alle ihop.
Jenny er forlovad med ein Ungkar paa 38, som
bannar paa, at han aldri hev elskat fyrr; og det
kann so vera; han ser ut til baae Slagi. Jens
skal i desse Dagar hava Brudlaup med ei ung
Enkja, som hev baade Samvit og Moral og er
verd i Pengar Kr. 50,000. Men Anne Malene
er gift med Per Tjerandsen.

— For Per var ikkje den, som gav seg paa
sin Rett. Han fekk høyra mangt og mykje um
den Assistenten, og visste godt, at Anne Malene
laug, naar ho sagde at ho ikkje brydde seg um
han; men Per vilde hava Anne Malene, anten
so ho peip elder song. Ein Kveld, daa han
plagad henne hardt med dette um Carlstad, vart
Anne Malene vond og sagde han beint ut, at
ho var glad i den Guten. Per greet som han
var piskad og gjekk. Dagen etter fekk ho Brev,
at ho maatte møta han Klokka ni i Kveld ved
den store Steinen. Det skulde vera det siste
han bad henne um i denne Verdi, stod der.
Anne Malene møtte, og der fann ho Per Tje-
randsen med eit Reip i Haandi. Han var berr-
hovdad og saag fæl ut. Han vilde berre segja
Farvæl, sagde han. Ho skulde ikkje bry seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0265.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free