- Project Runeberg -  Jesus Messias /
Fyriord

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FYRIORD

Dei hev sin Lagnad, Bøkane med; ein serskild Lagnad
hev Bibelen fengi.

I lange Tidir var det dei serskilt upplærde kunnige
som aaleine skulde lesa og tyde den Boki. Seinare hev
alle kunne lesa ho; men tyde ho skulde dei serskilt
upplærde kunnige. Den eine av desse Maatane kann vera
um Lag som den andre; baae fører dei #til det, at det
aalmenne Folke ikkje les i Bibelen.

Eg er ein Mann av det aalmenne Folke og gjorde
som det: trudde paa dei kunnige og lét Bibelen liggje.
Og daa eg ikkje trudde paa dei kunnige lenger, gav eg
upp Bibelen med, og lét ’n endaa meir liggje.

Sidan tenkte eg at dette kannhende var aa gjera vel
mykje Ære paa dei kunnige; og eg tok til aa lesa i
Bibelen att. Serleg i det nye Testamente.

Men det er vandt aa lesa i den Boki naar ein fysst
hev gjengi i Skule hjaa dei kunnige. Eg laut hjelpe til
med Pennen: skrive upp det eg las, og Tankane eg fekk
av det eg las; og langt um lengi tok det til aa gry for
meg; eg fekk Samanheng i det som i Fysstningi ser so
raadlaust villt ut for ein kristeleg upplærd: Messias-Sogo.

Her legg eg daa denne Sogo fram som eg no ser
ho; kannhende kunde eg paa den Maaten arge ein og
annan so vidt upp, at han og tok til aa lesa i Bibelen.
Og det kunde han hava godt av. For ein kann segja
kva ein vil: me er enno ikkje ferduge med Bibelen.

Bokmeistaren.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free