- Project Runeberg -  Jesus Messias /
3

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og Arbeidsmennar for Messiasrike; og Bøkar
var her nok av for den Tidi som no var att.
Og daa Meistaren var gjengin fraa deim, vart
dei endaa meir arbeidsbundne. Naar Messias
kom att vilde han løne deim etter det dei hadde
gjort; dei sette seg daa ikkje til aa skrive.
Dei arbeidde og stridde, tala, vitna, vaaga sitt
Liv; Gudsrike kunde koma kvar Dag. Ord
av Meistaren som dei serleg vilde hugse hev
vorti uppskrivne til Hjelp i Arbeide; meir hev
ingin av deim tenkt paa; Jesus-Sogur er ikkje
nemnde i Apostelskriftine nokog Stad.

Tanken um aa skrive kom upp seinare, daa
det syntest vilja draga ut med „dei siste Ting".
Kyrkjelyden voks; Apostlane vart tekne burt1;
fleire og fleire nye Lærarar turvtest. Og Minne
um Jesus og hans Ord vilde snart veikne,
serleg i Heidningkyrkjune der Israelstrui var
ukjend, um ein berre skulde hava Segni aa
haide seg til. So kom det og upp Spursmaal
um eitt og anna i Læra, soleis som me ser
alt i Apostelgjerningar; Jesus-Ord kunde daa
ofte vera gode aa hava til Rettleiding, jämsides
Apostelbrevi. Bergpreika og anna som hadde
vorti uppskrivi i tidleg Tid, hev daa no vorti

1 Jakob vart drepin alt i den fysste Aposteltidi (Apg.
12: 2); dei andre kjem burt etterkvart, og me veit
kor-kje Maaten eller Tidi; etter Segnom hev berre Johannes
vorti gamall.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free