- Project Runeberg -  Jesus Messias /
4

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

utfyllt med fleire og fleire av dei Ordi og Sogune
etter Meistaren som livde i Kyrkja, serleg millom
Apostelsveinane, og som syntest gagnlege til
Upplysning um Læra og til Styrkjing for Trui1.

Det hev etterkvart vorti mange Uppskriftir
og Avskriftir; kvar Kyrkjelyd vilde vel meir
og meir hava sine. Og dei ymse Uppskriftine
hev vorti utfyllte paa ymis Vis; dei same Sogune
var ikkje kjende i alle Kyrkjelydom. Tiltru hev
Uppskriftine vunni etter det Upphave dei hadde
eller galdt for aa hava. Lengst vann dei som
etter det fysste Upphave var eldst, og som
førde Namn etter Apostlar eller Apostelsveinar.
Fire av desse vart sistpaa godtekne i heile
Kyrkja. Det nye Testamente, me kallar, hev
vorti til i fysste Helvti av det 2dre
Aarhun-drade, etter som lærde Folk trur. Fysste
Samlingi — paa 22 Skriftir — er komi i Stand i
Rom; den fullstendige — med 27 Skriftir —
er fysst kjend fraa Aleksandria2.

1 „Evangelierne er Tendensskrifter i god Forstand"
(I. C. Heuch).

2 Ad. Harnack: „Reden u. Aufsätze" II: „Zur
Geschichte der Entstehung des N. Test." — At ikkje
dei 4 Sogune vart samanarbeidde til ei, liksom Emne
var eitt og Kyrkja ei, meiner Harnack hev komi seg av,
at Kyrkja i den harde Striden med Gnosislæra i det 2dre
Aarhundrade fann det tryggast aa halde seg til det ho
daa hadde; det tok alt til aa staa Vyrdnad av desse
Uppskriftom.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free