- Project Runeberg -  Jesus Messias /
8

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mannen. Og dei tvo Sogune som vil hava
Greide paa Jesu Ætt, dei er ikkje samstellte
um kva Farfar hans heiter dessmeir; Mattæus
segjer Jakob, og Lukas segjer Eli. Um han
er gift med Maria er dei heller ikkje trygge
paa. Hjaa Lukas (1 : 27; 2: 5) er han trulova
med Maria; hjaa Mattæus er han i V. 18
trulova, men i V. 16, 19, 20 gift med henne.

At Sogune um Fødsla hjaa Markus og Lukas
er Skaldeverk i gamaltestamentlig Stil viser seg
alt i Fraasegni um Englebödskapen (Mt. 1: 18
—25; Lk. 1: 26—38). Etter Mattæus er det
komi upp, at Maria er med Barn ved den
hei-lage Ånde; dette siste er likevel ikkje komi
upp for „Mannen hennar": Josef mistrur
Maria. Men han er rettferdig og vil skilja seg
med henne i Løyndom. I ein Draum fær han
daa av „Herrens Engel" vita det som elles
var komi upp; og det vert honom sagt, at
den Sonen Maria skal føde er Messias
(V. 21).

Etter Lukas kjem Engelen („Gabriel" fraa
Dan. 8: 16) ikkje til Josef, men til Maria, og
ikkje i Draum, men i full Røynd. Han viser
seg elles fysst for Sakarias og spaar um
Døy-paren; denne vert her ikkje sett i noko
Sa-manheng med Jesus (Lk. 7: 24—27). Sidan
kjem Engelen til Maria som er Møy (smf. Es.
7: 14), og spaar um den Sonen ho skal faa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free