- Project Runeberg -  Jesus Messias /
9

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ordi hans er ein Messias-Spaadom heilt ut
etter Profetane (Es. 9: 6, 7; 16: 5); Paulus
Meistaren aat honom som skreiv Lukas-Sogo,
var skriftkunnig.

I det som vert fortalt um Fødsla og
Barndomen hev dei tvo Sogumennane like eins havt
kvar sitt aa gange etter. Den eine fortél um
Vismennane, um Herodes og Barnemorde, um
Rømsla til Ægypti; den andre veit ikkje um
noko av dette, men skriv um Hyrdingar og
Englesong, um Simeon og Anna, um at Bårne
etter Lovi vart umskori. Sjølve Namne Jesus
fær Bårne etter Lukasboki av Engelen (smf.
Es. 7: 14). Lukas hev dertil den einaste Sogo
som er fortald fraa Ungdomstidi: den om
Tolv-Æringen i Temple; det er ei Sogu plent som
ein maatte vente seg ho um eit Messias-Emne.
Um Jesu fysste Tidir elles fortél Lukas, at
han „gjekk fram i Visdom og Alder og Naade
for Gud og Menneskje (2: 52).

Berre um Fødestaden er Sogune samstellte;
her hadde dei ein Spaadom aa haide seg til.
Men det er ikkje meir enn Namne dei er
samstellte um heller. Hjaa Mattæus høyrer
Josef og Maria heime i Betlehem og rømer
sidan til Nasaret for Herodes1; etter Lukas

1 „— so det skulde verte uppfyllt som er sagt ved
Profetane, at han skulde verte kalla Nasaræar“, segjer
Mattæus; men Profetane veit inkje um Nasaret, og det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free