- Project Runeberg -  Jesus Messias /
12

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

der det1; Draumar av dette Siage hev vori
drøymde av meir enn eit Folk i Nedgangs og
veiknande Tidir. Men hjaa dei skriftlærde
var etter Babylontidi ein meir aandeleg
Mes-siastanke komin upp.

Jødane hadde lært eit og anna i Babylon.
I Trui ikkje minst. Med den hev det vori
uklaart i Israel lenger enn me etter Bibelsogom
vaare trur; det ser me av Stadir i
Gamletestamente som Jer. 44 og 2 Krøn. 36: 23;
etter den siste Staden hev Israel langt ned
gjenom Tidine meint seg aa hava Tru saman
med Persarfolke. Naar so Israelitane dertil i
lange Tidir livde i Babylon (der det elles alltid
budde mange Jødar, liksom sidan i
Aleksan-dria), so var det rimelegt at dei kom til aa
taka upp mangt og mykje der ifraa, soleis og
Trudomstankar2.

Mili. a. hev Trui paa tvo Heimsmagtir, ei
god og ei vond, soleis som denne Trui kjem

1 I Apg. 5: 36, 37 er det nemnt tvo Messiasemne
av dette Siage.

2 1 Aleksander-Tidi og seinare hadde Jødane dertil

lært mangt og mykje fraa Hellas. Sjølve det græske
Maale var vorti kjent; dei skriftlærde las det, og mange
kunde skrive det. Nytestamente sjølv er skrivi paa
græskt; og i Innhalde med hev det sitt tydelege Merke
etter jødisk — aleksandrinsk — Hellasdom: Læra urrs

Logos.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free