- Project Runeberg -  Jesus Messias /
13

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fram i Rabbinarlærdomen og det nye
Testamente, tydeleg eit persiskt Upphav; Ormen
i Syndefalls-Sogo hev knapt vorti „Djevelen“
fyrr etter Babylontidi. Og denne Trui paa ei
vond Magt jämsides Gudsmagti hadde i Jesu
Dagar vorti fullrett Israelstru. Jah ve styrde
. ikkje lenger aaleine. Ei Djevlemagt raadde
jämsides honom, ja hadde i denne
Heims-alderen („Verdi", segjer det norske Testamente)
Hovdingskapen (Joh. 12: 31; 14:30; 16: 11);
Tanken um det vonde var i det heile komin
upp. Og den knytte seg etterkvart paa ein
serskild Maate saman med Tanken um
Israels-frelsaren.

Jødefolke var lite og veikt, med store og
sterke Grannar ikring seg. Serleg ille fari var
det no, daa det var komi under eit Folk av
framand Ætt med heilt framande Skikkar og
Gudar og med ei forfælande Magt; skulde
Israel koma seg upp att no, laut Gud paa
serskild Maate hjelpe det.

Men serskild Gudshjelp kunde ikkje Israel
vente fyrr det vart i sann Meining Guds Folk,
so at Israels Veide vart Guds Veide, Israels
Rike Gudsrike; Messias-Tanken vart gudeleg
fullt so mykje som verdsleg.

Berre det sanne Israel kunde faa godt av
Messiasfrelsa; Messiasrike vart eit Rike for
dei rettferdige. I delte Rike vart Gud sjølv

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free